Her finn du meir info om foreldrebetaling
Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Frå 1.januar 2022 kostar ein full barnehageplass 3.315 kroner per månad, og frå 1.august 2022 er prisen 3.050 kroner per månad.
Barnehagane har høve til å ta ekstra betaling for mat/kost til sjølvkost.
Det er lett å søke om redusert foreldrebetaling via Vigilo og laste opp dokumentasjon på inntekt.
Det er høve til å ta ekstra betaling for mat/kost i barnehagen.
Du kan søke om familien har lågare inntekt enn 607.750,- eller 598.825,-
Om skatteoppgjeret/sjølvmeldinga for 2021 ikkje speilar inntekta slik den er no, last opp dokumentasjon som viser noverande inntekt. Døme på slik dokumentasjon kan vere: dei tre siste lønnsslippane frå arbeidsgjevar, vedtak frå NAV, studentbevis eller bekrefting av studier.
Det er familien si skattepliktige inntekt som leggast til grunn. Skattepliktige ytelser som arbeidsavklaringspenger, dagpengar, uføretrygd er dømer på inntekt som reknast med i grunnlaget.
Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån for eksempel er skattefrie ytelser/overføringer som ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget.
Viktig
Du loggar inn på Vigilo på same måte som då du søkte om barnehageplass.
Sjå steg- for-steg rettleiing her.
Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.