Om privat bruk
Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.
Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person, eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som talar imot eit slikt løyve.
I Osterøy kommune kan brannsjefen gi løyve til å bruke fyrverkeri:
På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.
Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgje retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgjevnadane.
Alle bedrifter som ønskjer å selje fyrverkeri eller pyroteknisk vare i tida 27.–31. desember i butikken si ordinære opningstid, må sende inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.
Du må leggje ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vere eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du sende særskild søknad.
Søknaden sender du til: