Slik fyrer du riktig

Fyrer du riktig, unngår du brann. I tillegg tek du vare på miljøet og sparar pengar.

Tørr ved gjev to til tre gongar så mykje varme som fuktig ved, og gjev lite sot i eldstad og skorstein.

For lite trekk og store mengder ved, skapar mindre varme, mykje sot og forureining. Rått brensel, lite trekk eller for lite tilgang til frisk luft dannar beksot i skorsteinen. Beksoten kan ta fyr og gje sotbrann (skorsteinsbrann). Ein sotbrann kan skade skorsteinen og i verste fall føre til brann i bustaden.

Riktig trekk

Det trengs mykje luft til god forbrenning. I tette bygg med mekanisk eller balansert ventilasjon utan direkte friskluftstilførsel til eldstaden, må kanskje ei dør eller eit vindauge i rommet settast på gløtt i opptenningsperioden.

Når det er god varme i eldstaden kan du regulere trekken ned til det brenn med rolege flammar. Lat veden brenne heilt ut til det er ein haug med glør, før du legg i ny ved. Hugs å skru trekkventilen opp igjen slik at veden tek god fyr.

Riktig brensel

Det er viktig at det berre vert fyrt med rein ved i ein reintbrennande moderne eldstad. Dette er eldstader som berre er berekna for vedfyring. All anna type brensel kan skade eldstaden.

Det må aldri fyrast med måla eller trykkimpregnert materiale. Desse materiala gjev frå seg svært giftige gassar når dei vert brende, og etterlet seg tungmetallar i oska. Det vil også kunne skade både eldstaden og skorsteinen. Ikkje bruk vrakved frå sjøen som brensel. Den inneheld salt som vert til klor ved forbrenning.

Peiskubbar med papir, som kjøpast i butikken er i dei fleste tilfelle berre berekna på opne peisar. Å bruke ein slik kubbe i ein lukka eldstad kan skade eldstaden. Ein god regel er at dersom det ikkje står på pakka at kubben kan brukast i lukka eldstader, må den ikkje brukast.

”Topp-ned-fyring”

Har du ein moderne reintbrennande eldstad, tenn frå toppen av veden. Bålet bør bestå av tørre vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved og to-tre opptenningsbrikettar øvst. Då reduserer du partikkelutsleppet frå skorsteinen. I tillegg får du utnytta veden langt meir effektivt og det gjev mindre oske og sot.

Toppmontering

Toppmontering av røykrør gjev mange fordelar:

  • Større effekt, følgjeleg meir miljøvenleg
  • Meir skånsam mot skorsteinen
  • Lettare å avgrense skorsteinstrekken
  • Enklare reingjering av røykrøyr
  • Enklare utskifting av framtidige eldstader

Sist oppdatert: 16.04.2019
Publisert: 05.11.2018