Slik søkjer du
Trykk her for å komme til elektronisk søknadsskjema.
Kan du ikkje søkje elektronisk, last ned søknaden, signer og send skjemaet til:
Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg
Du kan også levere skjemaet til servicekontoret på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitivie opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.
Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.
Kva får du?
- Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
- Refinansiering av eit dyrt lån.
- Utbetring av bustad.
- Tilpassing av bustad.
- Bygging av bustad.
- Topp- og fullfinansiering.
Kor mykje kan eg låne?
Dette vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.
Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.
Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.
Krav til søkjar
Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.
Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:
- Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
- Om du har gjort det du kan for å spare.
I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:
- Når du har barn, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar.
- Når du har problem med å dekke buugifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
- Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.