Meistringskurs

Kurs i meistring av belastning (KiB)

Er eit kurs kor du lærer metodar og teknikkar for å meistre belastningar knytt til både helse, arbeid- og privatliv. Kurset går over 10 gonger.  

Eksemplar på belastningar kan vere tidspress, for mykje eller for lite utfordringar, lite kontroll over eigen arbeids- eller livssituasjon, problem i mellommenneskelege forhold, familiekonfliktar, sjukdom/helseproblem, økonomiske problem og livskriser.  

Kurset er ikkje samtaleterapi, men me tar opp aktuelle problemområde generelt, og den enkelte arbeider vidare med eigne problem ved å prøve ut metodane/teknikkane som ein lærer på kurset.  

For å få best mogleg utbytte av det bør du vere innstilt på å jobbe med heimeoppgåver mellom kursdagane.  

Kurs i depresjonsmeistring

Er eit kurs kor du lærer metodar og teknikkar for å meistre depresjon. Kurset går over 10 gonger.  

Kurset byggjer på kognitiv åtferdsterapi, og ein jobbar blant anna med å endre måten ein tolkar situasjonar. Du lærer å vurdere og endre dine negative tolkingar av det som skjer, samt å kjenne igjen negative mønster på tankar og handlingar. Me vektlegg å lære skille mellom tankar og følelsar.  

Kurset er ikkje samtaleterapi, men me tar opp aktuelle problemområde generelt, og den enkelte arbeider videre med eigne problem ved å prøve ut metodane/teknikkane som ein lærer på kurset.  

For å få best mogleg utbytte av det bør du vere innstilt på å jobbe med heimeoppgåver mellom kursdagane. 

Kurs i angstmeistring

Eit kurs kor du lærer om og jobbar med angst. Kurset er undervisningsbasert med innslag av øvelsar og heimeoppgåver. Dette er ikkje ei samtalegruppe, og fokus ligg på å lære seg strategiar og verktøy for å handtere angst på en betre måte. 

Kurset går over 7 veker, ein dag i veka, og er basert på kognitiv og metakognitiv terapi. Tema me er innom er bl.a. samanhengen mellom tankar, følelsar og kroppslege reaksjonar, grubling og bekymring, uhensiktsmessige og hensiktsmessige meistringsstrategiar, samt korleis ein legg opp en god eksponeringsplan og eksponerer seg med god teknikk. 


Sist oppdatert: 14.01.2024
Publisert: 14.01.2024