Ungdomstaxi

Ungdomstaxi er eit nytt tilbod til ungdommar i alderen 13-19 år i Osterøy kommune. I første omgong gjeld tilbodet heim frå Osterøy ungdomsklubb klokka 19. Det er ein eigenandel på 40 kr per person, og då kjem ein seg heilt heim uansett kor i kommunen ein bur. 

Dei som kan ta linje 910 til Hauge-Valestrand-Rolland-Kvisti kl. 19:21 kan ikkje bestilla ungdomstaxi. Det same gjeld dei som bur i gongavstand til ungdomsklubben.


Sist oppdatert: 22.11.2023
Publisert: 22.11.2023