HjemSamfunnstryggleikOppfølging VotloFolkemøte 15.feb om skredrapportar på Votlo

Folkemøte 15.feb om skredrapportar på Votlo

Kommunen har som omtalt tidlegare fått utarbeidd skredfarekartlegging for bustadområdet på Votlo, overvassvurderingar, og geoteknisk vurdering av jordskredområdet med forslag til sikringstiltak.

Rapportane vil bli presenterte på folkemøte 15. feb. av geolog Øystein Lohne ved SWECO.

Ordførar, Rådmann og ein representant frå kommunens administrasjon vil vere til stade for å svare på spørsmål.

Tid: 15.feb kl. 19.30
Stad: Heradstyresalen, Rådhuset, Lonevåg

Folkemøtet er i hovudsak for innbyggjarane på Votlo. Presse blir bedne om å vise omsyn og sitte på galleriet. 


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 11.12.2018