Om besøk på Osterøytunet
Beskytt pasientane våre mot smitte
Publisert:
03.03.2020
Sist endra:
09.03.2020
TIL ALLE BESØKJANDE, FRIVILLIGE OG ANDRE SOM LEVERER TENESTER ELLER LÅNER LOKALE PÅ OSTERØYTUNET.
Bebuarane på Osterøytunet og Hauge Bufellesskap må beskyttast mot smitte.
På bakgrunn av nye retningsliner frå Helsedirektoratet ber me om at
du ikkje går inn på Osterøytunet dersom du har, eller dei siste 14 dagane har hatt minst eitt av følgjande symptom:
- Hoste/ forkjøling
- Sår hals
- Feber
Dette gjeld uansett om du har vore ute og reist eller ikkje.
Dersom du er frisk er du velkommen inn. MEN:
HUGS Å VASKE/ SPRITE HENDENE DINE FØR DU GÅR INN.