Psykiatritenesta

Me har fleire ulike tilbod for deg som er over 18 år som har alvorlege psykiske lidingar som medfører funksjonstap og som er i behov av nødvendig helsehjelp. Det er vurderingssamtalen som dannar grunnlag for oppfølging av psykiatritenesta. Hjelpen blir tilpassa kvar enkelt.  

Vi har òg ansvar for ettervern av tidlegare rusavhengige, samt oppfølging av personar med pågåande rusproblem.  

Ved lette til moderate psykiske plager kan du få tilbod om tidsavgrensa oppfølgings hjå psykolog. Dette gjeld og ved bekymring knytt til eigen bruk av alkohol eller andre rusmidlar.  

Me har eit utstrekt samarbeid med andre samarbeidspartnarar som sjukehus, DPS, sosialtenesta, barnevern og andre instansar som til ein kvar tid er inne i brukaren til hjelpeapparat.  

Før du tar kontakt med oss, anbefalar me at du nyttar deg av vår sjølvhjelpsinformasjon.  

Slik søkjer du

Tilvising kan komme frå til dømes fastlege, DPS, sosialteneste, eller du kan sjølv fylle ut kommunen sitt søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her.  

Kryss av for "Psykiatrisk sjukepleie". I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune 
Helse, omsorg og sosial 
Postboks 1
5293 Lonevåg

Du vil få ei tilbakemelding frå oss innan tre veker.

Kva kostar det?

Tenesta er frivillig og gratis.

Kva får du?

  • Oppfølging kan skje individuelt eller i grupper.

Kontakt oss

Ved akutte kriser kan du alltid ringe oss kvardagar frå klokka 08.00-15.30 for råd og hjelp. Ring 913 83 482.

Besøksadresse

Fotlandsvegen 29

5282 Lonevåg

Vis i kart


Sist oppdatert: 14.01.2024
Publisert: 14.01.2024