Me kan alle ha periodar i livet kor me opplever ulike psykiske utfordringar. Heldigvis finns det gode verktøy for å hjelpe seg sjølv på eigenhand gjennom dette. Her finn du ein oversikt over ulike anbefalte sjølvhjelpsverktøy som er tilgjengeleg. Det er inndelt etter ulike tema, og under dei ulike temafanene kan du finne blant anne tips til bøker, gratis tilgjengelege videobaserte kurs og tekstbaserte verktøy og appar.
Nokon av sjølvhjelpsprogramma krev ein viss innsats av deg, i form av at du sett av tid kvar veke til å jobbe med programmet.