Depresjon

Depresjon er ein tilstand som er kjenneteikna av vedvarande nedstemtheit og/eller tristheit og er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Ein har som regel redusert interesse eller glede for daglegdagse aktivitetar. Ofte vil ein òg oppleve å ha tilleggssymptom som lite energi, endringar i matlyst, søvnvanskar, konsentrasjonsvanskar og pessimistiske tankar om seg sjølv og framtida.

Me kan likevel alle gå gjennom periodar av livet kor me kjenner på depressive symptom utan at me oppfyller kriteria for ein klinisk diagnose. Det er normalt å kjenne på nedstemtheit og tristheit frå tid til anna, og å kjenne på sorg når me går gjennom tap eller store omveltningar og belastningar i livet. Det er psykologar eller leger som vurderer om man oppfyller kriteria for det me kallar ein klinisk depresjon.

Heldigvis veit me kva som er verksamt når det gjeld å overkomme depressive plagar. Me veit bl.a. at det hjelper å redusere grubling og å auke aktivitetsnivået. Nedanfor finn du verktøy som hjelper deg med akkurat dette. Uavhengig av om ein oppfyller kriteria for en depresjonsdiagnose eller ikkje, er det mange med depressive symptom som har god nytte av sjølvhjelpsverktøy.

Dersom du har tankar om å skade deg sjølv anbefaler me at du tar kontakt med hjelpeapparatet.


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024