Angst

Angst stammar frå ein grunnleggande fryktrespons som har til hensikt å hjelpe oss med å overleve i potensielt farlege situasjonar. Denne fryktresponsen er difor i utgangspunktet en normalreaksjon som er hensiktsmessig. Nokon gonger kan vår handtering av denne fryktresponsen likevel ta overhand slik at me utviklar eit angstproblem eller ei angstliding. Me kallar det angst når me ikkje lenger responderar på fryktresponsen på ein hensiktsmessig måte, og når angstsymptoma blir veldig sterke, vedvarande og førar til nedsett funksjonsevne i kvardagen. Det er ein tett samanheng mellom kroppslege reaksjonar, tankemønstre og handlingar. Det er psykologar eller leger som vurderer om ein fyller kriteria for det vi kallar ein klinisk angstdiagnose.

Dømer på kroppslege reaksjonar: Hjartebank, svimmelheit, høg puls, skjelving, rødming, sveitte, uverkelegheitskjensle.
Dømer på tankemønstre: Bærer ofte preg av å vere katastrofetankar som «Kva om eg dummar meg ut?», «Eg kjem til å miste kontrollen!», «Kva om dei andre ser at eg har angst?»
Dømer på handlingsmønstre: Det aller vanlegaste handlingsmønsteret er å unnvike det ein er redd for. Det er òg vanleg at ein brukar ulike strategiar med den hensikt å dempe eller unngå angsten, til dømes å alltid sitte nærmast døra, på forhånd planlegge i detalj kva ein skal sei, bruke nøytrale kler for å ikkje tiltrekke seg merksemd, la vere å ta ordet i grupper osv. Dette er strategiar som bidrar til å halde angsten ved like.

Ein av dei meist verksame tilnærmingane for å få bukt med angst er å eksponere seg for det ein er redd for, og å få meir kontroll over eigen bekymringstendens.
Kva som triggar angst vil variere frå person til person, og heldigvis er det mykje ein kan gjere sjølv for å få det betre på dette området. Nedanfor finn du litt meir informasjon om ulike angstlidingar, samt lenkjer til sjølvhjelpsverktøy innanfor kvar kategori.

Panikkangst

Panikkangst kjenneteiknast av plutselege anfall av intens frykt eller frykt for å få nye panikkanfall. Typiske kroppslege symptom ein kan kjenne på er hjartebank, pustevanskar, hyperventilering, sveitte, brystsmerter, svimmelheit og kvalme. Sidan panikkanfalla kjennes så intense ut er det ikkje uvanleg å bli redd for å døy, miste kontrollen eller besvime. Ein skil mellom panikkanfall som kjem knytt til ein spesifikk situasjon og panikkanfall som kjem uventa. Ved panikkliding kjem panikkanfalla uventa. Mange utviklar frykt for å få nye panikkanfall og begynner å unngå situasjonar kor ein tidlegare har opplevd å få panikkanfall.
Nedanfor finn du ein oversikt over sjølvhjelpsmateriell for panikkangst.

 

Fobiar 

Ein fobi er ei sterk frykt knytt mot ein spesifikk ting eller situasjon. Dømer på dette kan vere høgde, vatn, oppkast, hundar, edderkoppar eller andre insekt. Det er typisk at ein unngår den fobiske situasjonen eller at ein opplev panikksymptom viss ein utsettast for det ein er redd for. Eksponeringsterapi er ei svært verksam behandling mot fobiar, og nedanfor finn du sjølvhjelpsverktøy som både gir deg informasjon om fobiar og det du treng for å komme i gang med eksponeringsterapi på eigenhand. 

 

Sosial angst

Dei med med sosial fobi har ein overdriven frykt knytt til å bli negativt vurdert av andre. Ein kan til dømes vere redd for å dumme seg ut, gjere feil, at andre skal tenkje at ein er kjedeleg eller udugeleg.

Døme på situasjonar som kan vere vanskelege er å ta ordet i ei gruppe, snakke i telefonen, ete offentleg, ta kollektiv transport, ta initiativet til å be nokon med på noko, handle i butikken.

Dei fleste kan kjenne seg igjen i sosial angst til ein viss grad. Det er når den når eit visst nivå i form av å gje svært sterke angstsymptom og funksjonsnedsetting på skule, jobb, heime eller sosialt at det er blitt eit større problem.

Nedanfor finn du ei oversikt over sjølvhjelpsverktøy som er tilgjengeleg for deg som kjenn deg att i å vere sosialt engsteleg i større eller mindre grad.

 

Prestasjonsangst

Prestasjonsangst er angst for å ikkje klare å prestere eller for å dumme seg ut i ein bestemt situasjon. Typiske situasjonar kan vere å snakke framfør ei forsamling, vise frem eigne evner, holde ein tale, eller treffe nye menneske.

Det er typisk at ein brukar mykje tid i forkant på å grue seg og bekymre seg for korleis det vil gå. Rett før og undervegs i sjølve situasjonen opplev ein gjerne symptom på panikkangst som hjartebank, skjelving, hjernetåke, sveitting og høg puls. Dei fleste blir òg redd for at andre skal leggje merke til at ein har angst, noko som kan forsterke angsten ytterlegare.

Under finn du sjølvhjelpsverktøy som hjelper deg med å handtere slik angst.

 

Rødming

Rødming sjåast som raudheit i ansiktet, på halsen eller øvre del av brystet. I tillegg følgjast det gjerne av varme. Rødming kan bl.a. komme av stress og angst.

Nokon blir veldig sjølvbevisste som følgje av rødming og utviklar angst for å rødme. Det er ikkje nokon direkte samanheng mellom grad av rødming og kor plaga ein føler seg. Ein person som rødmer mykje kan til dømes oppleve dette som uproblematisk, medan ein annan person som rødmer lite kan oppleve store problem knytt til dette.

Om du oppleve rødming som eit problem kan du sjå på videoen i lenkja under. Her får du meir informasjon om rødming og korleis du kan handtere dette.

 

 


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024