Sorg/belastning

Sorg er i utgangspunktet ein normal reaksjon på ein belastande situasjon. Me forbind ofte sorg med dødsfall, men ein kan òg kjenne sorg knytt til andre situasjonar. Ein kan til dømes kjenne på sorg over at livet ikkje blei som ein hadde sett for seg p.g.a. eigen sjukdom eller sjukdom hjå andre nære, nedsett arbeidsfunksjon, samlivsbrot eller ufrivillig barnlausheit.

Livet kjem som regel med ulike belastningar i ein eller annan form. Når ein står i slike situasjonar er det normalt å kjenne på ei berg -og dalbane av kjenslar. Kanskje vekslar du mellom å kjenne på frykt, håplausheit, fortvilese, glede og håp.

Sorg tar tid. Det er ein langsam prosess å prosessere sterke påkjenningar, og sorgreaksjonar som til dømes sinne og tristheit kan dukke opp sporadisk lenge etter utløysande hending. Nokon gonger vil det òg vare livet ut. Me ser derimot ofte at sorga endrar karakter med tid. Kanskje blir ikkje sorga lenger like altoppslukande, og kanskje kan me klare å tenke på og snakke om det som er ilt utan å bli overvelda av dei sterke kjenslemessige reaksjonane kvar gong.

Sjølv om sorg tar tid finns det ting du kan gjere sjølv for å få det betre når du står i en belastande situasjon.

Nedanfor finn du ein oversikt over sjølvhjelpsmateriell som vil kunne hjelpe deg med å handtera sorg eller belastningar.


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024