Pårørande

Pårørande er ein eller fleire personar som står ein pasient eller brukar nær. Ofte er det næraste familie, til dømes ektefelle, som er definert som næraste pårørande. Ein person kan også ha fleire andre øvrige pårørande som til dømes andre i familien, venar og kollegaer.  Det er kun næraste pårørande som har rett til helseopplysningar om ein person. Kva informasjon ein eventuelt har tilgang på er strengt regulert av lovverket. Det er som regel personen sjølv som utpeikar sine næraste pårørande og gjer samtykke til kva som er greitt å dele av informasjon. I enkelte tilfelle kor vedkommande av ulike årsaker ikkje er i stand til å utpeike næraste pårørande sjølv kan helsepersonell gjere dette.

Helsedirektoratet har utarbeida ei brosjyre med informasjon til pårørande til pasientar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit som du kan finne her: 

Brosjyre med informasjon til pårørande til pasientar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit

Å vere pårørande til ein person med ei psykisk liding, rusproblematikk eller somatisk tilstand kan vere krevande. Det er lett å kjenne på at ein ikkje strekk til, noko som kan gje utslag i dårleg samvit. Mange endar opp med å strekke seg så langt at dei sjølv blir utsliten i prosessen. Som pårørande er det viktig å ivareta seg sjølv i prosessen, dette er òg noko den sjuke vil kunne dra nytte av. Det er vanskeleg å vere ein god støtte for andre viss ein sjølv går på reservetanken.

Nedanfor finn du ein oversikt over tilgjengeleg informasjon til deg som pårørande, samt sjølvhjelpsverktøy.


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024