Sjølvkjensle

Begrepa sjølvtillit og sjølvkjensle har ein tendens til å bli brukt om kvarandre. Det er likevel to ulike begrep. 

Sjølvtillit

Sjølvtillit handlar om troa på deg sjølv og din vurdering av eigne prestasjonar. Viss du har god tru på eigne evner ift. å meistre ei oppgåve har du høg sjølvtillit på dette området. Har du lav tru på eigen evne til å meistre ei oppgåve har du lav sjølvtillit på dette området. Det er fullt mogleg å ha god sjølvtillit på eit område, og lav sjølvtillit på eit anna område. Til dømes kan ein ha god sjølvtillit ift. å spele fotball og samtidig ha lav sjølvtillit ift å halde ein presentasjon. Viss ein i for stor grad målar eigen verdi utifrå prestasjonar er ein sårbar for å kjenne seg utilstrekkeleg og mislykka, og dette vil vidare kunne påverke sjølvkjensla i negativ retning. 

Sjølvkjensle  

Sjølvkjensle handlar derimot ikkje om prestasjonar, men om korleis du tenkjer om deg sjølv. Dei som har god sjølvkjensle aksepterar kven dei er til tross for at dei ikkje er perfekte. Sjølvkjensle blir forma gjennom erfaringar me gjer oss gjennom livet og korleis me blir møtt allereie som born, og heng særleg saman med relasjonelle erfaringar. Viss du har blitt sett, møtt på behova dine, samt vore elska ubetinga gjennom livet har du sannsynlegvis god sjølvkjensle. Visst du ikkje har blitt møtt på disse områda er det større sannsyn for at sjølvkjenslen din ikkje er like god. Kanskje har du blitt mobba som born og internalisert alle dei stygge kommentarane. Eller kanskje har du vakse opp med foreldre som har vore så opptatt av ytre prestasjonar at det har gått på besetning av eigenverd. Sjølv om ein har vakse opp utan å bli ivaretatt tilstrekkeleg og difor utvikla dårleg sjølvkjensle er det fullt mogleg å få betre sjølvkjensle som vaksen. Det krev riktig nok at ein jobbar med dette og gjer seg korrigerande erfaringar over ein lengre periode. 

Nedanfor finn du lenker til meir informasjon om korleis du kan jobbe med sjølvkjensle.  


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024