Etevanskar og eteforstyrringar

Vi skill mellom etevanskar og eteforstyrringar.

Etevanskar

Etevansker er vanskar med inntak av mat utan at ein fyller kriteriane for ei eteforstyrring. 

Vanskane kan til dømes vere knytt til tekstur, smak, innhold, mengde eller andre områdar. Årsak og korleis problemet utspillar seg kan være mangfoldig. Det treng ikkje å henge saman med frykt for vektauke, men det kan gjere det.

Om ein har etevanskar, har ein større risiko for å utvikle ei eteforstyrring. Undervekt kan dessutan påverke tankemønstre knytt til mat, kropp og vekt i seg sjølv på ein negativ måte, ein kan til dømes utvikle ein meir rigid tankegong knytt til mat. Overgangen fra etevanskar til ei eteforstyrring skjer gjerne gradvis over tid og kan ofte starte med at ein blir meir opptatt av å trene og å spise sunt. Etter kvart kan det derimot utvikle seg til eit meir tvangsprega forhold til mat og trening, med økande antall reglar for kva ein tillét seg sjølv å ete og å gjere. Det kan vere ein lang og hard kamp å bli frisk fra ei eteforstyrring, desto viktigare er det å forebyggje at etevanskar utviklar seg til ei eteforstyrring så tidleg som mogleg. 

Eteforstyrringar 

Eteforstyrringar er eit samlebegrep på fleire kliniske diagnosar som har til felles at ein har så store vanskar med tankar, kjensler og atferd knytt til mat og kropp at det påverkar livskvalitet og fungering. Diagnosen settes av psykolog eller lege.

Ein rekke diagnostiske kriteriar som symptomar, alvorsgrad og funksjonspåverkning må vere oppfylt. Vi skill mellom ulike formar for eteforstyrring. Mange forbind eteforstyrringar med undervekt, men visste du at dei aller fleste med ei eteforstyrring er normalvektege? Det er heller ikkje uvanleg at ein over tid svingar fram og tilbake mellom dei ulike eteforstyrringane. Ei eteforstyrring utviklar seg ofte som ein måte å forsøke å handtere vanskelege kjensler og tankar på.

Nedanfor kan du lese litt meir om nokon av dei vanlegaste formane for eteforstyrringar og heilt nedst finn du også lenker til sjølvhjelpsmateriell. 

Anorexia nervosa

Betydeleg vekttap som framkallast og vedlikeholdast av personen sjølv, underernæring og ei intens frykt for vektauke. Personen har ei forstyrra oppfatning av eigen kropp. Kan medføre forsinka pubertal utvikling og somatisk følgesjukdom. Idealvekta er som regel lav.

Kan innebere overdreven trening, sjølvfremkalte brekningar og anna vektredusarende atferd. Ofte rigide reglar for inntak av mat med tanke på innhold og hyppigheit. Anorexia er den mest dødelege av alle psykiske lidingar.

Bulimia nervosa

Mønster med gjentatte episodar med overspising som førar til kompenserande atferd i form av sjølvfremkalt oppkast, vekslande sulteperiodar, bruk av avføringsmidlar eller apetittdempande midlar.

Vedkommande kjenner som regel på ei sterk frykt for vektauke og å miste kontrollen over matinntak. Dei fleste med denne lidinga er normalvektige. Kan bl.a. gi alvorlege elektrolyttforstyrringar og skade tannhelsa. 

Overspisingsliding

 Periodevis eller hyppig ukontrollert overspising utan renselsesatferden ein ser hjå dei med bulimia. Overspisinga etterfølgjas ofte av slankekurar eller streng faste. Dei fleste med denne lidinga er overvektege. Nokon held ei jamn vekt, andre går opp og ned i vekt. Det er vanleg å kjenne på ein manglande kontrolloppleving.

Atypisk anorexia nervosa og atypisk bulimia nervosa

Denne diagnosekategorien brukas for dei som manglar eit eller fleire av dei mest sentrale kjenneteikna på anorexia eller bulimia, men som likevel har eit veldig klinisk likt sjukdomsbilete.

Nyttig informasjon:

  • Få bukt med overspising av  Cristopher Fairburn.  
    Bok som gjer deg verktøy for å jobbe med overspising og oppkastproblematikk  
  • ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser 
    Lavterskeltilbud og interesseorganisasjon for alle som er berørt av vanskar knytt til mat og kropp. ROS tilbyr gratis støtte, råd og veiledning. På nettsida finn du bl.a. infomateriell om eteforstyrringar, samt info om kurs og grupper.  

 


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 14.01.2024