Kunngjering av administrativt vedtak - Mindre endring av Områderegulering Valestrand sentrum - PlanID 12532011003

Osterøy kommune sendte brev til naboar, grunneigarar og offentlege mynde, datert 23.11.2019, med moglegheit for uttale i sak om mindre endring av Områderegulering Valestrand Sentrum.

Rådmannen har vedteke:

«I medhald av plan og bygningslova § 12-14, vert framlegg til mindre reguleringsendring for Områderegulering Valestrand sentrum – PlanID 12532011003, med plankart datert 20.12.2019 og endringar i føresegn datert 20.12.2019 godkjent 20.12.2019.»

Du kan lese vedtaket og endringane her. 

Planframlegg: 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune v/plan seinast innan 17.januar 2019.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksistenande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 22.12.2019
Publisert: 20.12.2019