Kunngjering om offentleg høyring - Retningsliner for sal og skjenking av alkohol

Gjeldande retningsliner kan du lese i Alkoholpolitisk handlingsplan 2016-2020.  

Desse er foreslått vidareført for ny periode med nokre endringar.

Foreslåtte endringar:

I punkt 1.3, vert punkt a): Skjenkestader bør lokaliserast til kommunesenteret Lonevåg og områdesentra Fotlandsvåg, Valestrand og Haus, teke ut.

Forslag til endra skjenketid innandørs: Skjenketid for alkohol gruppe 1 og 2 (under 22%) vert utvida til kl. 02.00.

Nettsal: Det gis løyve til nettsal i Osterøy kommune iht. gjeldande regelverk.

Utskrift av heradsstyret si behandling og vedtak i sak 037/20 finn du på kommunen si heimeside, sjå saka i innsynsportalen. 

 

Framlegget vert med dette lagt ut til offentleg høyring.

Høyringsfrist: 14.august 2020

Uttale til framlegget og foreslåtte endringar eller andre kommentarar  vert å senda til: post@osteroy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 01.07.2020
Publisert: 01.07.2020